Søk barnehageplass

Alle som skal søkja om barnehageplass må gjera dette via kommunen sine eigne sider. For å søkja barnehageplass i Sævarhagen FUS barnehage må du altså søkja via samordna opptak i Stord kommune. Du finn informasjon om korleis du søkjer barnehageplass i Sævarhagen FUS barnehage ved å klikka deg inn på kommunen sine nettsider. Det er felles søknadsskjema og søknadsfrist for alle barnehagar i Stord kommune.

Her er direkte link til kommunen sine barnehagesider: http://stord.kommune.no/no/Tenester/Tema/Barnehage/

Utenom hovudopptaket kan me, dersom me har ledige plassar, tilby barnehageplassar fortløpande. Barnehageplassane vil bli tildelt barn på venteliste i henhold til  Sævarhagen FUS barnehage sine vedtekter.

Dersom de har spørsmål angåande opptaket eller venteliste i barnehagen, ta kontakt med dagleg leiar.